Det er stor skilnad på å gjere eit arbeid av fri god vilje; om du er tiltrudd ei oppgåve, eller om du er "under pisken" for å høyre til eller få aksept. Det er skilnaden på å kjenne seg verdig eller uverdig. Dugande eller ein slave, sett pris på eller å måtte leve opp til. Det er glede i sjølve arbeidet, sjølvrealisering på sitt beste.
Dette fastefokus på verdiar og dyder er ei verdsetting av våre evner, eit ynskje om å løfte fram alt det gode i oss som vi realisere i eit stolt, glederikt arbeid i den samanhengen vi er sett.
Det er dette vi kallar kristen fridom! Vi er tiltrudde medarbeidatar, med uendelege sjansar til å gjere godt!
Ord for dagen 20.02.2021 sokneprest Eli Vatn
Fridom.